Til startsidenTil startsiden

Psykiatrisk klinikk tek sommarferie – psykisk helse gjer det ikkje

Av Ingrid Aanderud Sælen, pasient- og brukerombud i Førde

Publisert: 15. juni 2026 kl. 10:26

Ingrid Aanderud Sælen

Indre Sogn Psykiatrisenter har også i år sommarstengt døgnavdelinga, frå fredag 3. juli til måndag 27. juli.

Psykisk helsevern treng meir og fortenar meir.

Vestre har også sagt at han skal styrke psykisk helsevern etter 20 år kor døgnplassane har blitt halvert: "Døgnplasser med lavt belegg må vi kunne diskutere om bør flyttes til der hvor behovene er større, men kapasiteten skal uansett opp. Det har vi vært tydelige på og vil følge tett opp. Vestre understreker også at det er viktig å fortsette satsningen på psykisk" (Dagens medisin 19.6.25)

Vi ser ikkje denne satsinga igjen i praksis. Pasientar som har fått rett til nødvendig helsehjelp, har like sterk rett i juli som i januar. Likevel kan det verke som om juli kjem som julekvelden på kjerringa.

Formelt finst det ingen sommarstengt psykiatri i Noreg. Akuttavdelingar er opne, og pasientane har dei same rettane som resten av året. Likevel opplever mange at vegen inn blir lengre, bemanninga lågare og terskelen for hjelp høgare.

For menneske med alvorlege psykiske lidingar er stabilitet avgjerande. Behandling, oppfølging og relasjonar til fagfolk står ikkje på pause fordi det er ferie. Når hjelpa blir redusert i fleire veker, handlar det ikkje lenger om ferie. Då handlar det om svikt.

I Pasient- og brukarombodet er psykiatri det området der vi får flest henvendingar. Slik har det vore i fleire år.

Lovverket er tydeleg: Som all annan helsehjelp skal psykisk helsehjelp vere forsvarleg, tilgjengeleg og basert på pasientane sine behov – heile året. Sommaren er ikkje eit juridisk unntak.

Det betyr:

  • Kapasiteten må organiserast slik at tenestene er forsvarlege
  • Ferieavvikling er ikkje ein gyldig grunn til å bryte fristar
  • Leiinga har ansvar for å planleggje for kjende risikoperiodar

Likevel får omboda kvar sommar henvendingar frå menneske som opplever:

  • at planlagde innleggingar blir utsette
  • at det blir vanskelegare å få hjelp
  • at dei blir vurderte som ikkje alvorlege nok

Dette er alvorleg. Det handlar ikkje berre om opplevingar, men om reell risiko. Når tiltak blir utsette, kan tilstanden forverre seg. Når terskelen aukar, kan fleire hamne i akutt krise.

Helsemyndigheitene er tydelege på måla: kortare ventetider, betre tilgang og likeverdige tenester.

Pasientar skal få hjelp når dei treng det, uavhengig av kvar dei bur – og når på året dei blir sjuke.

Men mellom mål og praksis oppstår det eit gap.

Myndigheitene peikar på mangel på helsepersonell og press på kapasiteten, og ansvaret for å få sommardrifta til å gå rundt blir lagt til helseføretaka. Det er forståeleg – men det fritar ikkje for ansvar. Pasientrettar gjeld, uavhengig av bemanningssituasjonen.

For pasienten som får avslag på innlegging i juli, er det ikkje avgjerande kven som eig problemet. Det avgjerande er at hjelpa ikkje er der.

Og det er ikkje dei sterkaste som blir råka når kapasiteten blir dårlegare. Det er dei som allereie står svakast: menneske med samansette og langvarige lidingar, utan nettverk, og dei som ikkje klarer å rope høgast. For desse kan eit avslag, ei utsetjing eller eit brot i oppfølginga vere forskjellen på stabilitet og tilbakefall.

et er ein risiko vi ikkje kan akseptere som ein del av normal drift.

Sommarutfordringane er godt kjende. Det manglar ikkje kunnskap om kva som skjer når bemanninga går ned og behovet held seg stabilt. Difor er ikkje spørsmålet om dette er vanskeleg – men om det er godt nok handtert.

Å planleggje sommardrift handlar ikkje berre om turnusar og ferie. Det handlar om reell kapasitet, om å prioritere dei mest sårbare og om å førebyggje kriser – ikkje berre handtere dei.

Psykiske lidingar let seg ikkje planleggje etter kalenderen. Kriser tek ikkje ferie. Difor kan ikkje tilbodet gjere det heller.

Ja, det er legitimt å redusere planlagd aktivitet noko om sommaren. Men det er ikkje legitimt dersom konsekvensen er at pasientar ikkje får den hjelpa dei har rett på – eller treng for å halde seg stabile.

Vi kan ikkje akseptere at tilgangen til psykiatri varierer med årstida. At rettar i praksis blir svekka i ferien. At dei mest sårbare må bere risikoen.

Psykisk helsevern må byggjast slik at det toler sommar. For pasientane har ikkje noko val.

Og kven tek alle ekstravaktene når tenesta reduserer kapasiteten?

Det gjer dei pårørande.

Ei mor, ein far, ei syster eller ein bror – med vakt og bakvakt heile døgnet. Dei er sjåførar, støttekontaktar, hushjelpar, helsepersonell og tryggleikssystem – utan løn og utan å ha valt det sjølve.

Pårørande står for arbeid tilsvarande 136 000 årsverk. Utan denne innsatsen ville tenestene hatt store problem. Ferie er for mange pårørande ein luksus dei berre kan drøyme om men ikkje vågar å gjennomføre.

Pasient- og brukarombodet er her for pasientar og pårørande som treng råd og rettleiing – også i sommar.

Vårt nummer er 40 50 16 00.