10. september er Verdsdagen for sjølvmordsførebygging. Då må vi stille spørsmålet: Gjer vi nok?
I 2024 døydde 727 menneske i sjølvmord i Noreg. I Vestland vart det registrert 78 sjølvmord. Bak kvart tal finst eit menneske som miste håpet, og familiar, vener og kollegaer som må leve vidare med sorga.
Vi omtalar ofte sjølvmord som ein tragedie. Det er det. Men vi må også snakke om sjølvmord som ei av dei største folkehelseutfordringane vi har. Når over 700 menneske døyr kvart år, kan vi ikkje nøye oss med å vere uroa.
I Pasient- og brukarombodet høyrer vi om pasientar som ber om hjelp, som fryktar kva dei kan kome til å gjere mot seg sjølve, og som likevel opplever at hjelpa ikkje strekk til. Vi høyrer frå pårørande som har varsla om alvorleg bekymring utan å kjenne seg lytta til. Vi ser eit aukande behov for psykisk helsehjelp. Aldri før har så mange kontakta ombodet om forhold innan psykisk helsevern. Organisasjonar som Mental Helse og Kirkens SOS melder om rekordstor pågang.
Likevel blir døgnplassar framleis reduserte til trass for politiske lovnader. Mange får avslag når dei blir tilviste til psykisk helsevern.
Samfunnet oppmodar folk om å søkje hjelp tidleg og snakke om det som er vanskeleg. Det er viktig. Men vi må også våge å stille eit ubehageleg spørsmål: Kva skjer når menneske faktisk ber om hjelp?
For mange opplever at terskelen inn til tenestene er høg. Andre fell mellom ulike nivå og instansar. Pårørande fortel at dei sit med viktig kunnskap om utviklinga til den som slit, utan å bli trekte godt nok inn.
Dei som arbeider i psykisk helsevern skal ikkje bere ansvaret åleine. Når talet på menneske som søkjer hjelp aukar år etter år, medan ressursane er under press, seier det seg sjølv at tilsette må springe fortare. Ei slik utvikling kan vi ikkje effektivisere oss ut av. Menneske i psykisk krise treng tid, relasjonar og oppfølging. Det er vanskeleg å levere meir av dette med mindre ressursar.
Norge manglar ikkje kunnskap om sjølvmordsførebygging. Vi veit at tidleg hjelp verkar. Vi veit at tett oppfølging etter sjølvmordsforsøk verkar. Vi veit at pårørande er ein viktig ressurs. Utfordringa er å omsetje kunnskapen til handling.
Difor treng vi meir enn fine ord og handlingsplanar. Vi treng forpliktande tiltak:
-
Oppfølging innan 48 timar etter utskriving eller sjølvmordsforsøk.
-
Styrkt involvering og støtte til pårørande.
-
Raskare tilgang til psykisk helsehjelp.
Verdsdagen for sjølvmordsførebygging handlar ikkje berre om å minnast dei vi har mist. Det handlar om ansvaret vi har for dei som framleis lever.
Når over 700 menneske døyr kvart år, er ikkje spørsmålet om vi veit nok. Spørsmålet er om vi er villige til å gjere nok.
Ingen skal måtte kjempe aleine for å bli høyrde. For dei som opplever at hjelpa sviktar, eller som er pårørande og treng råd om rettar og moglegheiter, er Pasient- og brukarombodet tilgjengeleg for rettleiing og det kostar ingenting å ta kontakt.
