På denne sida har vi lagt ut lenkjer til viktige instansar i helse-Noreg.
Det har vi gjort for at det skal vere enklare for deg å finne fram til rett adresse. Dersom du har spørsmål om erstatning, tilsynsmynde, pasienttransport eller andre forhold, kan det hende du får svar ved å gå inn på den aktuelle nettstaden.
Om du ikkje finn det du leitar etter, skal du ikkje nøle med å ta kontakt med Pasient- og brukarombodet i fylket ditt. Du finner adresser og telefonnummer via snarvegen ovanfor.
Her finn du informasjon om framgangsmåten dersom du ønskjer å søkje om erstatning for påført skade som følgje av svikt i helsetenesta.
Her finn du informasjon om retten til fritt sjukehusval og om ventetider for dei vanlegaste behandlingane i sjukehus.
Her finn du mykje informasjon om pasientrettar, tilsynssaker, utsegn m.v. og lenkjer til helsetilsyn i fylka.
Her finn du nyttig informasjon om pasienttransport og reise til og frå helseteneste.
Helsedirektoratet sorterer under Helse- og omsorgsdepartementet. Det har ansvar overfor befolkning og helseteneste.
Her finn du alle helseforetaka i landet, både regionale og lokale. Du finn også lenkjer til andre instansar i helse-Noreg.
Her finst det mykje informasjon om helseforholda i landet, f. eks. om influensa og vaksinasjon.
Teknologirådet er rådgivande organ for bruk av teknologi. På denne lenkja finn du informasjon om omsorgsteknologi.
På nettportalen Noreg.no finn du informasjon på tvers av etatar og sektorar i det offentlege Noreg.