Velkommen til pasient- og brukarombodet i Hordaland.
Pasient- og brukarombodet hjelper med råd og rettleiing når det gjeld pasientar og brukarar sine rettar overfor helse- og sosialsektoren. Vi har teieplikt, og alle som kontaktar oss, har rett til å vere anonyme. Vi er ikkje eit klageorgan, men hjelper til med å formulere og vidareformidle spørsmål eller klagar til den rette instansen.
Vi har telefontid kl. 0900-1130 og 1230-1430.
Timebestilling på tlf. 55 21 80 90.